Vakne i ei ny fjordbygd kvar morgon
OM BORD I MS SLOGEN
Tenk å vakne ein ny stad i fjorden kvar morgon, på tur med oss gjer du det. Frukosten og matpakkesmørjinga nyt du til lukta av salt sjø og vill natur før ferda går vidare til dagens aktivitetar. Saman med lokale aktørar kan vi by på forførande smakar og opplevingar.
Framme i bauen finn du baren vår. Ein baropplevelse av dei sjeldne, med andre ord. På dekk kan du også nyte forfriskande drikke etter ein innhaldsrik dag. Der er det godt med seteplassar og utsikta sørga for god rekreasjon. Vi har også høve til å servere reker, grillmat eller catering ombord, grille fisken du fiska i fjorden i Grindaløa på Sæbø – eller servere treretters middag på ein av dei lokale serveringsstadane. Badet kan du ta i badestampen på dekk. Utsikta til fjord og fjell tek pusten frå ei fleste – og er like storslått i bitande kulde som på sommaren. Det oppvarma reine sjøvatnet gjer ekstra godt etter ein dag i frisk luft. Bli med oss på ei reise langt vekke frå kvardagens mas og tjas. Nyt lydane av bølgene som slår, synet av den ville naturen og kjenn på roa.
OM OSS
Sunnmøringar har valt sjøvegen frå vi byrja å frakte varer og folk til dei ulike stadane i fjordane. Utfartslysta har budd i oss frå den spede byrjinga og havet har sørgja for fleire av dei mest ekstreme eventyra i norsk historie.
Fjord Exploring held til i fjell- og fjordpanoramaet Hjørundfjord. Her legg vi til rette for både spektakulære og rolege turar, i dramatiske omgivnadar. Gjengen bak firmaet kjenner området betre enn si eiga bukselomme og tek deg med til stadar du ikkje visste om – på fjorden og i fjella.
Vi skreddarsyr opplevingar for grupper som ønskjer å komme tettare på livet i og rundt fjorden. Enten du drøymer om storslått stillheit eller adrenalinkick. Om bord i MS Slogen er du ein del av den norske båthistoria og den majestetiske naturen.

FASILITETAR
- 17 senger fordelt på sju tomannslugarar og ein tremannslugar
- Tre dusjar og fire toalett
- Plass til 60 passasjerar
- Bar med skjenkeløyve
- Badestamp med oppvarma reint saltvatn rett frå Hjørundfjorden
- Stort uteareal på dekk med ei fantastisk utsikt
- Gode moglegheiter for vask og tørk av kle og sko
- Salong med sitjeplassar til 24
- Konferansemoglegheiter
- Loungeområde

HJØRUNDFJORDEN
Fjorden strekk seg 35 kilometer gjennom dei mektige Sunnmørsalpane. Her finn du dei særeigne fjordbygdene som til dømes Sæbø, Urke, Trandal, Viddal, Bjørke og Øye – som har husa fjellpionerar i fleire hundre år.
Hjørundfjorden, som er mest kjent for dei spektakulære fjelltoppane som omkransar fjorden, er ikkje berre ideell for dei som ynskjer å nå dei høgaste og mest krevjande turmåla. Fjorden er også eit ypparleg utgangspunkt for enklare turar. Enten du vil gå, sykle, padle eller fiske. Nokre gongar er vi heldige og får sjå spekkhoggarar på jakt etter sild på vegen. Fjorden manglar heller ikkje lokale mattradisjonar, kultur eller historie.
Frå Sæbø, den største av fjordbygdene i Hjørundfjorden kan du nå populære toppar som Grøtdalstind, Dalegubben og Skårasalen. Turen til Skårasalen kan også gjerast som ein overgangstur til idylliske Skår – den minste fjordbygda det framleis er busetnad på i fjorden. Gunnarråsa, Olavshola og Sæbønestua er flotte turalternativ med fantastisk utsikt for dei som ikkje ynskjer å nå dei høgaste toppane. Her er det også moglegheit for laksefiske i Bondalselva.
Med utgangspunkt frå Standal kan du nå ikoniske Randers topp og Mohns topp, som er ettertrakta mål for fjellfolk og ski-kjørarar frå heile verda. Herifrå har du utsikt innover Hjørundfjorden og heilt ut til Ålesund. Bak Mohns topp ligg også det populære klatremålet Bladet. Frå Standal er det kort veg til Standalseidet som husar både Kolåstinden og Nordre- og Søre Sætretind. Her er det også fint terreng for lettare turmål.
Rett over fjorden for Standal ligg den veglause fjordbygda Trandal med under 10 fastbuande. Trandal er endepunkt for fleire av overgangsturane frå nabokommuna Sykkylven. Blant anna dei krevjande turane til Blåbretinden og Tungremtindane, som gir fantastisk utsikt over austsida av Hjørundfjorden. Eit besøk på den sjarmerande serveringsstaden Christiangaard etter turen, gir ei totaloppleving av norsk natur- og bygdekultur du seint vil gløyme. Her kan du også prøve Noregs mest berømte huske.
Saksa har blitt eit populært turmål etter at sherpaer la til rette med trapp til toppen. Denne turen har Urke i Nordangsfjorden, ei fjordarm til Hjørundfjorden, som utgangspunkt. Innerst i Nordangsfjorden ligg Øye, frå Øye kan ein nå majestetiske Slogen, kanskje eit av dei mest spektakulære turmåla i området. Her ligg også ærverdige Hotel Union Øye, som sidan opninga i 1891 har husa eventyrarar, kongar og dronningar som har kome for å nyte stillheita og roa i storslagne omgivnader. Frå Øye kan du også sykle til Norangsdalen, ein av Noregs smalaste og vakraste dalar.
Innerst i Hjørundfjorden ligg Bjørke, her finn du det freda Bakketunet, som har ei historie 400 år attende. Bjørke er eit fint utgangspunkt for turar til blant anna Kårdalstindane som gir ei utsikt nordover Hjørundfjorden ein seint vil gløyme. På veg innover mot Bjørke passerer vi også det karakteristiske klyngetunet på Finnes, som klamrar seg fast yst på kanten mot fjorden. Her har det vore busetnad heilt sidan år 600. La oss vise deg rundt.
MOGELEGHEITER
-
- Toppturar på ski
- Fotturar på lette stiar eller på krevjande fjelltoppar
- Sykling langs smale vegar langs fjorden eller på stiar i terrenget
- Kajakkpadling på fjorden
- Fisking i fjorden eller i Bondalselva
- Elvepadling
- Heisbasert skikøyring
- Klatring
Fjorden og området byr på uendelege moglegheiter. Ta kontakt, så set vi saman eit opplegg som passar for deg og di gruppe.
Telefon:
+47 948 76 213 / +47 975 13 287
Adresse:
Øyragata 49, 6165 Sæbø
Email:
info@fjordexploring.no