Velg en side

 

Vakne i ei ny fjordbygd kvar morgon

Skreddar- sydde turar

Ønskar De å feire eit jubileum på MS Slogen? Eller kanskje de ønskar ein blå-tur for firmaet, julebord eller liknande? Vi kan skreddersy monge turar etter Dykkar ønske, og servere det de måtte ønske av mat. Vi kan grille ombord, servere baccalao eller havets festbord for å nevne noko. Dersom de ønskar å gå iland på Christian Gaard eller Hotel Union Øye for ein tre-rettars middag er det sjølvsagt også mogeleg.

MS Slogen har plass til 60 personar på dagstur.

Send oss ein førespurnad, så skal vi sy ihop eit opplegg for Dykk.

Berre fantsien set grenser; Spør oss så hjelper vi Dykk meir enn gjerne til ein uforgløymelig fjord-cruise på Hjørundfjorden.

 

  • Jubileum
  • Firmatur
  • Bryllaup
  • Venneturar
  • SPA-turar med sauna og  badestamp
  • Omvisning på Haula vingård på Viddal
  • Overgongstur på fjellet der vi  ventar med boblebad og grillen klar

 

3 – 4 timers fjord-cruise

Dette inkluderer ei runde på fjorden for opptil 60 personar. Baren er åpen, og de kan for eksempel bestille grilling eller havets festbord mot eit  tillegg i prisen.

 

 

  Frå 14.950,-

4 – 8 timers fjord-cruise

Her kan vi for eksempel hente dykk i Ålesund og gå inn i Hjørundfjorden for å ete middag på Christian Gaard eller Hotel Union Øye. Vi kan også freiste med ei omvisning på den nordligaste vingården i verda, Haule gård på Viddal. Kanskje de ønskar ein SPA-tur, der vi  fyrer opp badestampen på dekk og leige saunaen på Sæbø?

  Frå 29.900,-

Lengre turar?

Vi kan ta 60 passasjerar på lengre dagsturar på opptil 12 timar. Skal De overnatte, kan båten losjere 17 personar fordelt på 7 doble og 1 trippel lugar.

Rundt fjorden vår har vi monge flotte overgongsturar som har utfordrande logistikk. Med ein båt er det imidlertid ikkje noko problem; Vi bringar og hentar. Venter med badestampen varm samt forfriskande kald drikke frå vår bar ombord, når de kjem ned etter ein long fjelltur.

Mat kan de få etter ønske, kjem de ned på Trandal frå overgangsturen via Tungremtindane eller Blåbretind er det ein fantastisk avlutning med ein tre-rettars på ikoniske Christian Gaard.

Ein annan overgogstur som er verdt å nevne er frå Øye via Blæja og Kårdalstindane ned til Viddal. Der kan vi ha grillen klar, og kanskje freistar det med eit fjordbad før ein får att varmen i stampen på dekk?

Ta kontakt angåande Dykkar ønsker og planar, så skal vi sy ihop eit opplegg til Dykk.

  • Ein heil dag på båten
  • Kveld med varme i stampen og åpen bar
  • Ei natt i delt dobbel lugar
  • Ein frukost i fantastiske omgivnadar

Tillegg for middag og opplevingar etter ønske:

  • Tre-retters
  • Buffet
  • Grillmat
  • Guiding på kajakk, sykling, fotturar, ski eller truger.

 

 

 

     

    12 timars dagsturar

    MS Slogen er perfekt for overgongsturer i Hjørundfjorden. Vi ligg og ventar på andre sida av fjellet med badestampen klar. 

     

      Frå 44.500,-

    Overnatting

    Tilbring natta i en av våre romslige doble lugarar, og start dagen med ein nydelig frukost i salongen vår under de mektige Sunnmørsalpane.

      Frå 58.900,-

    Telefon:

    +47 948 76 213 / +47 975 13 287

    Adresse:

    Øyragata 49, 6165 Sæbø

    Email:

    info@fjordexploring.no

    Meld deg på vårt nyheitsbrev

    Meld deg på her, og vi vil sende deg regelmessige oppdateringer om våre kommande arrangement og turer.

    Velkomen, du har no meldt deg på vårt nyheitsbrev!

    Share This